KORT HISTORIKK

Konradløpet er eit løp for å ære minnet etter Konrad Brunstad (Mons-Konrad 1910-2000). Konrad byrja trene då han var i 70-åra, etter at han og Arne C. Brunstad (Brua-Arne) hadde observert fenomenet ”jogging” i USA. Forma vart stadig betre. Han deltok ved fleire høve i Ålesund halvmaraton – også etter han hadde passert 85 år. Konrad likte best å trene tidleg om morgonen, då lufta var reinast. Difor starta løpet klokka 05.00. Ei av dei faste treningsløypene hans var ”runden” frå Brunstad til Hole og tilbake, akkurat der Konradløpet går. Andre faste treningsturar var på fjellet Koppen, eller ein kjapp tur på Vellesæta.

OM LØPET

Konradløpet vart fyrste gong arrangert i 2002. Det har start og mål på Brunstad, like ved Jokerbutikken. Løypa er 4,5 km lang etter asfalt, og stort sett ganske flatt (mest stigning i fyrste halvdel). Det er drikkestasjon i Holeøyane (etter halve løpet). Starten for hovudløpet går presis klokka 05.00. Deltakarrekorden i hovudløpet er 372 frå 2006. Samla deltakarrekord medrekna Minikonrad, Oslokonrad, Slovakiakonrad og Påskekonrad er 511 frå 2015.

GRATIS FRUKOST

I samband med VIL sitt 100 års jubileum i 2006 vart det spandert gratis frukost på alle deltakarane i Konradløpet. Dette vart så populært at det sidan har vore fast tradisjon. Frukosten vert servert i Velledalen grendahus, der det også er garderober, premieutdeling .m.m.

KONRADFILMEN

Odd Kvammen – slektning av Konrad Brunstad – forstod at Konrad var noko utanom det vanlege. Han laga film om Konrad frå dei åra han dreiv som hardast, og der han sjølv fortel om sin fysiske kvardag, om helse og motivasjonen for å drive på. Ein knakande god film, og utan denne filmen hadde det kanskje aldri blitt noko Konradløp. Filmen vart vist i gravferda til Konrad. Ole Petter Berge var sendebod til idrettslaget og den som fyrst ymta frampå om at ”Konrad eigentleg skulle hatt sitt eige løp”.

Det fekk han, og Odd Kvammen har gitt ein film i gåve til VIL, slik at Konrad sine tankar kring mosjon, helse og livsfilosofi  elles,  kan bli friska opp att i samband med Konradløpet.

FLEST KVINNER

Konradløpet – der farta ikkje er viktig, heiter det. Og mesteparten av deltakarane stressar ikkje i løypa. Rett nok er det tidtaking i Konradløpet, men berre av dei drygt hundre fyrste som går over mål. Tidene til 2/3 av deltakarane vert aldri gjort offentlege. Litt spesielt er det òg, at løpet dei fleste åra har samla fleire kvinner enn menn. Ikkje stor skilnad, men om lag 55-45 i kvinnene sin favør i snitt. Eit klart prov på at dette er eit ”landevegsløp” utanom det vanlege. I 2012 hadde mannfolka mobilisert. Då enda "kjønnsduellen" 169-169 i Hovudløpet.  2013 var året der mannfolka for fyrste gong var i fleirtal, då hovudløpet enda 155-135 i mannfolka sin favør.

MINIKONRAD

Vart fyrste gong arrangert i 2007. Den gongen var løpet for aldersgruppa 0-13 år, og samla 64 deltakarar. Tilbakemeldingane var positive. Seinare vart løpet utvida til å gjelde aldersgruppa 0-16 år (ut Ungdomsskulen). Løpet vert alltid arrangert kvelden før hovudløpet - altså 30. april.

Fyrst dei yngste utan tidtaking.   

Like etter 11 år og eldre med tidtaking. I 2015 deltok 162 unge i Minikonrad, så mange at arrangøren bestemte at det i ettertid skulle delast i tre startar.

Minikonradløypa var i byrjinga 1050 meter på Brunstad. Seinare var løpet flytta til Dalemyra med kortare løyper. 350 meter for dei yngste og 750 meter for dei eldste. Underlaget vekslar mellom grus, gras og asfalt

NB!: Påmelding løpsdagen - i god tid før start.

Her vert samtlege premiert, startkontingent kr 60,-

Tidlegare har skiskyttar og motbakkeløpar Hans Martin Gjedrem (med fleire NM-gull som senior) kasta glans over premieutdelinga og like eins skihopparen Tommy Lianes (217 meter). I 2013 hadde vi vitjing av Ivar Ulvedal med fleire gull frå Special Olympics World Winter Games, medan det i 2014 var Martine Lorgen Øvrebust, NM-vinnar i langrenn junior, som delte ut premiar. I 2015 var det sykkylvsbygda sin eigen kastar, Herman Velle Aurdal, som fekk æra.

Start og mål same stad som for hovudløpet; Brunstad i Velledalen (ved Jokerbutikken).

Deltakarrekorden i Minikonrad er 162 frå 2015

GRATIS DELTAKING

Det har i alle år vore gratis deltaking for personar med Konrad som føre- eller mellomnamn, og for alle personar over 90 år. Deltaking av personar over 90 år fekk vi tidleg (Tomas Tandstad), men vi måtte utruleg nok vente heilt til 2007 før vi fekk ein person med Konrad som døypenamn på startstreken. Men då kom det til alt overmål tre på ein gong. Eldste Konraden vi har hatt er Konrad Gausemel frå Hornindal som fullførte i fin stil som 84-åring, henta blodfersk rett frå senga midt på natt i Honndalen av mellom andre Inge Asbjørn Haugen.

PREMIERING

Minikonrad: Alle premiert – lik premiering. (sjå tidlegare i teksten)

Hovudløpet: Diplom ved fyrste gong deltaking, Konradmedaljen i sølv 3.gong og Konradmedaljen i gull 6.gong. Vidare 10 års premie og 15 års premie. Det vert trekt premiar på startnummer, der om lag 20 prosent av deltakarane vert premiert – i all hovudsak med gåvepremiar.   Dei tre beste damene og tre beste herrane vert premiert. Ny løyperekord gir 1000 kroner i premiepengar både i dame- og herreklassa.