Praktisk info for
Konradløpet
Henting
av startnummer
Berre om dette er heilt umuleg så kan
startnummer hentast på stemnekontor på løpsdagen frå kl
04:15. Det skal hentast i Velledalen Grendahus på
ettermiddag/kveld 30. april mellom kl 17:30 og 20:00.
Oppmøte/parkering
på løpsdagen
Viktig:
I
år (2025) er våren komen ekstra tidleg og difor vil det ikkje vere
mogeleg å parkere på markane ved startområdet, då markane vil ta
skada av bilkøyring.
Difor anmodar vi alle om å parkere bilane ved grendahuset og gå
oppover til butikken før start.
Før
start
Før
start vert det oppsamling ved Nærbutikken og så vert det etter kvart
oppvarming med aerobic. Før startskotet går stiller vi opp ved
startstreken i henhold til ferdigheiter og ambisjonar.
Etter
målgang
Ta
deg så til Grendahuset så snart som råd, der det vert felles frokost
med underhaldning, premieutdeling, Konradfilm, etc. Vi
oppmodar folk om å trekke vekk frå målområdet slik at tidtakarane
får fred til å gjere sin jobb best mogeleg.
LYKKE TIL!
Vi minner óg om MiniKonrad ved
Velledalen grendahus om ettermiddagen 27.april